Frelsesarmé-offiser lettare skadd i Istanbul-terror
(NPK-NTB): Nordmannen som er lettare skadd etter eksplosjonen i Istanbul, er Jostein Nielsen (59), nestleiar for Frelsesarmeens verksemd i Aust-Europa.
Det bekreftar broren, Kjartan Solvang-Nielsen, og Andrew Hannevik, informasjonssjef i Frelsesarmeen, overfor Dagbladet.
Nielsen er også bror til advokat Brynjar Meling, ifølge Dagbladet
– Vi veit ikkje meir enn at han er lettare skadd, seier Solvang-Nielsen
Han skal ha skadar i beinet. Kona hans, Magna Våje Nielsen, skal vere uskadd.
Nielsen og kona var på veg tilbake frå Noreg etter eit arbeidsopphald i Moldova, opplyser Hannevik. (©NPK)