Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Tyskaren Eric Frenzel gjekk eit solid langrenn og vann verdscuprennet i kombinert i Trondheim onsdag. Jørgen Graabak tok tredjeplassen.
npk@npk.no
Publisert: 10.02.2016 kl 15:58
Japanaren Akito Watabe er i storform i hoppbakken og gjekk først ut i langrennet i Granåsen. Forspranget til Frenzel på 27 sekund blei likevel altfor lite, og etter berre få kilometer var tyskaren à jour.
Håvard Klemetsen var best av nordmennene etter hopprennet med tredjeplass, men i langrennet blei veteranen frå Kautokeino innhenta av mange løparar. Blant dei var lagkamerat Jørgen Graabak, som igjen gjekk eit svært solid langrenn.
Tysdag tok 24-åringen den første verdscupsigeren for sesongen.
Jan Schmid blei nummer seks, medan Klemetsen enda som nummer sju.
For kombinertkometen Jarl Magnus Riiber enda rennet onsdag i skuffelse. 18-åringen landa nest lengst ned i bakken av alle, men måtte over ende etter at den eine bindingen tilsynelatande løyste ut i landingsaugeblinken.
Dermed var konkurransen delvis øydelagt for mannen som også ramla i det kombinerte hopprennet i Granåsen for eitt år sidan. Riiber gjekk ut i langrennssporet heile eitt minutt og 41 sekund bak leiande Watabe, og der blei det etter kvart også tungt.
Til slutt enda 18-åringen som nummer 12. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.