Freund vann, Fannemel beste norske på fjerde

(NPK-NTB): Heimehåpet Severin Freund vann opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka tysdag. Anders Fannemel vart beste nordmann i Oberstdorf med ein fjerdeplass.

Peter Prevc leidde føre Daniel-André Tande etter den første omgangen i Schattenbergbakken, men dei to fekk langt dårlegare forhold enn Freund og toaren Michael Hayböck frå Austerrike. Prevc tok tredjeplassen, mens Tande fall ned til ein tiandeplass.

Freund hadde 137,5 meter i finalen og fekk 307,2 poeng og vann med 3,0 poeng føre Hayböck, som hadde det lengste hoppet med 139 meter. Prevc landa på 130 meter i finalen og fekk 299,9 poeng.

Anders Fannemel fekk 295,8 poeng (130,5-129). Den norske laginnsatsen var solid med fem mann blant dei elleve beste.

6) Kenneth Gangnes 288,6 (129-135,5), 8) Johann Forfang 278.8 (121,5-127), 10) Daniel-André Tande 273,9 (133-119,5).

Hoppvekedebutanten Joachim Hauer vart nummer elleve med 269,8 poeng (127-126,5).

Ein småsjuk Andreas Stjernen enda på ein delt 20.-plass med 248,2 poeng (114-124,5) Stjernen tapte duellen mot storfavoritten Prevc i første omgang, men gjekk vidare blant fem «lucky losers». I finaleomgangen kom han for seint opp til toppen etter at tårnheisen hadde stoppa.

Hoppveka er den første for Halvor Egner Granerud, som tapte sin duell mot den japanske veteranen Noriaki Kasai. Granerud fekk 103,4 poeng med 113,5 meter og vart nummer 46. (©NPK)

Annonse