Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Batteriselskapet Freyr slankar staben i Noreg. 78 personar må gå, dei fleste av dei på hovudkontoret.
Publisert: 27.11.2023 kl 14:24
Berre ti tilsette må gå i Mo i Rana, der Freyr byggjer ein stor fabrikk, skriv NRK.
Selskapet er i gang med ei halvering av utgiftene i Noreg. Dei fleste stillingane som forsvinn, held til på hovudkontoret på Lysaker i Bærum.
I tillegg forsvinn 13 av dei 19 direktørane i selskapet, skriv Helgelands Blad.
Kva som skjer med den store batterifabrikken selskapet allereie har bygd i Mo i Rana, er uklart.
– Den bygningen fullfører vi i desse dagar og skal halde den varm ved 12 grader celsius. Viss og når forholda ligg til rette for det, så startar vi igjen med batteriproduksjon der, seier Freyr-sjef Birger Steen.
Freyr lova å byggje batterifabrikkar for 40 milliardar kroner i Mo i Rana, med potensielt opptil 1500 arbeidsplassar. Det hausta milliardar i støtte frå norske og europeiske styresmakter. Kort tid etterpå vart det kjent at dei planla ein gigantfabrikk utanfor Atlanta i USA.
Bakgrunnen for dette er den grøne skattepakken som vart vedteken av USAs kongress tidlegare det året. Dette er subsidiar som gjer at den amerikanske marknaden blir vanskelegare å komme inn på for varer som blir produserte i Europa.
Selskapet slit også kraftig på børsen, der aksjen 10. november var verd berre 10 prosent av kva han var på toppnivå.
(©NPK)
Batteriselskapet Freyr skulle byggje to store fabrikkar i Mo i Rana. No kuttar dei 78 tilsette i Noreg. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.