Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk): To reineigarar frå Finnmark er i Indre Finnmark tingrett blankt frifunne for tjuveri og mishandling av reinsdyr.
npk@npk.no
Publisert: 07.09.2016 kl 12:38
Sist oppdatert: 07.09.2016 kl 14:44
Dei to var skulda for å ha imitert rovdyrskadar på til saman 25 reinsdyr og for å ha stole opp mot 50 dyr frå andre som driv med rein.
Den omfattande rettssaka mot dei to varte i fire veker, og aktor bad om fengselsstraffer på to år og ni månader og to år for dei to. Påtalemakta ønskte òg å dømme dei for dyremishandling og å ta frå dei retten til å drive med rein. Påtalemakta kravde òg at dei to skulle betale tilbake til saman nesten 1,7 millionar kroner som dei har fått i erstatning for tap av dyr.
Éin av dei fire forsvararane i saka, Kjetil H. Nilsen, seier til NRK Sàpmi at dei to er glade, men ikkje overraska over resultatet. Han kritiserer òg etterforskinga, og håpar det blir sett strek etter tingretten.
– Reinpolitiet si etterforsking har ikkje følgt dei prosedyrane ein kan vente i ei så alvorleg straffesak, skriv Nilsen i ein e-post.
Indre Finnmark tingrett vel òg å leggje strenge beviskrav til grunn i si vurdering av erstatningsspørsmålet frå dei fornærma. Normalt krev retten ikkje meir enn overvekt av sannsyn for å bli kjent skuldig. Men denne saka er så alvorleg at tingretten krev at det må vere «kvalifisert overvekt av sannsyn» for å dømme dei to. Det finn ikkje Indre Finnmark tingrett i denne saka.
– Konfliktane har heilt eller delvis samanheng med dei tilhøva i tiltalen, men der spørsmålet om reintal og beiterettar òg er inne i bildet, heiter det i dommen.
Indre Finnmark tingrett er til dømes overbevist om at reinkadaver som høyrer til dei to, har blitt påført skader av menneske. Men ut frå dei betydelege konfliktane ser ikkje retten bort frå at andre kan ha hatt motiv for å få dei tiltalte dømt for bedrageri, går det fram av dommen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.