Klargjør siden...
Annonse

Friidrettslegende dreg til fronten i konfliktfylte Etiopia

Den tidlegare langdistansekongen Haile Gebrselassie (48) reiser til fronten i heimlandet Etiopia for å hjelpe regjeringsstyrkane.

Gebrselassie meiner opprørarar frå Tigray-#folk frigjeringsfront truar Etiopias eksistens, skriv Reuters.
– Kva gjer du når eksistensen i landet står på spel? Du sluttar med alt anna. Eg beklagar! seier Gebrselassie.
Friidrettslegenda er klar over at han set livet på spel.
– Ja, det er den ultimate prisen å betale i krig.
Statsminister Abiy Ahmed varsla onsdag at han vil dra til fronten for å leie hæren.
Gebrselassie vann OL-gull på 10.000 meter i 1996 og 2000, og han dominerte langdistanseløpet i ei årrekkje. Han har fire VM-gull på 10.000 meter og har seinare vore dominerande i maraton, men utan å vinne ein meisterskapstittel.
Den etiopiske hæren starta i november ein omfattande militæroffensiv mot opprørarar i den nordlege Tigray-regionen.
FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har fått meldingar om at minst 8.000 menneske og kanskje så mange som 20.000 er drivne på flukt vest i Tigray nær grensa til Sudan og Eritrea dei siste dagane.
EMBED START Image Haile Gebrselassie då han vann OL-gull på 10.000 meter i Sydney i 2000. Foto: Cornelius Poppe / NTB EMBED END Image(©NPK)