Klargjør siden...

Frisør frå Jæren ankar hijab-bot

(NPK-NTB-Alexander Vestrum): Frisør Merete Hodne på Bryne er dømt til å betale ei bot på 10.000 kroner for å ha nekta ei kvinne med hijab tilgang til salongen sin. Ho ankar dommen.

Hodne må også dekkje sakskostnadene på 5.000 kroner.

– Klienten min er ikkje overraska over avgjerda til retten. No skal vi sjå nærmare på avgjerda dei nærmaste dagar. Hodne uttrykkjer likevel at ho ikkje kjem til å akseptere resultatet i retten, og at ho ønskjer å anke dommen, seier forsvarar Linda Ellefsen Eide til NTB.

Retten legg i dommen vekt på kommentarar som Hodne har skrive på Facebook, blant anna formuleringar som «Islam er mykje verre enn nazisme». Ho kommenterte også den aktuelle hendinga med «ønskjer ikkje vondskapen inn dørene der eg kan bestemme».

– Retten er etter dette ikkje i tvil om at tiltalte handla forsettleg, nemleg at ho med kunnskap og vilje diskriminerte Bayan ved å vise henne vekk frå salongen fordi Bayan var muslim, skriv tingrettsdommar Ingrid Håvarstein Eldøy.

Retten ser ingen moment som skal tilleggas vekt i formildande retning.

– At saka har fått stor medieomtale og sett tiltalte i ein pressa situasjon, er ikkje meir enn å forvente ut frå handlinga sett i samanheng med dei tidlegare innvandringskritiske utsegnene til tiltalte i det offentlege rom, heiter det i dommen.

Hodne var tiltalt for diskriminering på grunn av religion, etter at ho nekta Bayan service og tenester fordi Bayan hadde på seg hijab. Hodne erkjente ikkje straffskuld då rettssaka starta. Ho sa ho fekk angst og «heilt hetta» då Bayan og ei venninne kom inn i salongen hennar med hijab på.

– For meg er hijaben eit ekstremt politisk symbol, eg blir dårleg når eg ser folk med hijab. Dei kom inn, ei spurde om kva det kosta å stripe håret, og eg sa at eg tek ikkje imot sånne som dykk, at dei fekk gå til ein annan frisør, så gjekk dei ut igjen, sa Merete Hodne.

– Idet eg skal til å snakke, snur frisøren seg og kjem mot meg. Ho seier eg må kome meg ut og gå ein annan plass. Eg seier eg berre skulle spørje kva det kosta å farge håret. Ho seier ho ikkje vil ta på sånne som meg, fortalde Bayan.

Ho fortalde at ho blei sett ut og sjokkert.

– Eg har opplevd rasisme og diskriminering før, små blikk og slikt, men aldri så tydeleg og klart sagt. Det gjorde vondt på mange måtar, eg følte meg liten, dum, ikkje inkludert. Eg kunne ikkje forstå kvifor eit skjerf på hovudet gjorde dette, sa Bayan.

Dommen i Jæren tingrett er litt strengare enn påstanden frå aktor, politiadvokat Ann-Bjørg Ingebrigtsen, som bad om ei bot på 9.600 kroner. (©NPK)

Annonse