Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-FP-DPA): Den personlege frisøren til president François Hollande i Frankrike får betalt rundt 10.000 euro i månaden for tenestene sine, skriv den franske avisa Le Canard Enchaine.
npk@npk.no
Publisert: 13.07.2016 kl 17:10
Avisa publiserte onsdag delar av kontrakten mellom Elysee-palasset i Paris og frisøren der det går fram at frisøren blir betalt 9.895 euro – om lag 92.000 norske kroner – kvar månad.
Elysee-palasset stadfestar overfor avisa summen, som blir grunngitt med at presidenten «startar dagen sin veldig tidleg, med eit langt program». Frisøren «fiksar håret til presidenten kvar einaste morgon og når nødvendig før kvar einaste offentlege framferd».
Advokaten til frisøren opplyser til Le Canard Enchaine at mannen måtte stengje sin salong i Paris for å starte som frisør for presidenten.
– Han er tilgjengeleg for presidenten 24 timar i døgnet, han er aldri erstatta av andre, opplyser advokaten, som seier frisøren som følgje av jobben mellom anna har gått glipp av fødselen til sine barn.
Ifølgje Le Canard Enchaine blei frisøren tilsett i 2012. (©NPK)