Klargjør siden...
Annonse

Frp krev forbod mot jomfrusjekk av mindreårige

(NPK-NTB): Framstegspartiet ønsker ei lovendring for å hindre at mindreårige jenter blir tekne med til legen for å avdekke om dei har hatt sex.

– Eg ønsker forbod mot at foreldre kan ta med jentene sine til legen å få gjort slike undersøkingar. Kva vaksne kvinner ønsker å gjere med eigen kropp, synest eg er vanskelegare å forby, seier leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kari Kjønaas Kjos (Frp), til Vårt Land.

Debatten om jomfrusjekk blei starta av spaltist Isra Zariat på NRK Ytring, og helseminister Bent Høie (H) har kasta seg inn i debatten.

«Dette går føre seg i Noreg. Vi kjenner ikkje omfanget, men vi veit at enkelte unge jenter med minoritetsbakgrunn blir tekne med til lege av foreldre eller slektningar som vil undersøkje om dei har hatt sex med nokon», skriv Høie i innlegget sitt.

Han skriv vidare at juristane hans ikkje hadde funne «noko eksplisitt forbod mot denne typen undersøkingar. Det bør heller ikkje vere nødvending».

Dette får Kjønaas Kjos til å reagere.

– I første omgang vil eg be helseministeren gjere endringar i oppdragsdokumentet til sjukehusa. Der kan han gjere det klart at slike undersøkingar ikkje skal finne stad. Det går fortare å gjennomføre enn ei lovendring, seier ho. (©NPK)

Annonse