Frp krev politiattest for flyktningarbeidarar

Framstegspartiet meiner det må innførast krav om politiattest for alle som skal jobbe med ukrainske flyktningar.

Frp vil tysdag be Stortinget om å hastebehandle forslaget, opplyser Per-Willy Amundsen, som er leiar i justiskomiteen på Stortinget.

– Vi håpar dei andre partia kan leggje partiboka til side i denne saka og akseptere at dette blir hastebehandla i Stortinget. For vi kan ikkje vente til haustsesjonen med å gjere noko, seier Amundsen.

Formålet med kravet om politiattest er å sikre kontroll med kva personar som på frivillig basis får arbeide med ukrainske flyktningar, og å forhindre at personar med historikk som overgriparar får utføre slikt arbeid.

Bakteppet er medieoppslag om at tidlegare overgrepsdømde nordmenn aktivt har engasjert seg i slikt arbeid.

– Frp meiner vi no raskt må endre reglane, slik at personar med overgrepshistorikk ikkje skal ha høve til å jobbe med sårbare flyktningar, seier Amundsen.

(©NPK)

Justiskomiteens leiar Per-Willy Amundsen (Frp) vil ha hastebehandla eit krav om politiattest for frivillige som jobbar med ukrainske flyktningar.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Annonse