Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Birgitte Iversen og Gunhild H. Bjerve): Gruppestyret i Frps stortingsgruppe har vedteke at partiet likevel støttar opp om den omstridde flypassasjeravgifta, skriv VG.
npk@npk.no
Publisert: 26.05.2016 kl 18:45
Stortingsgruppa vedtok torsdag ettermiddag at dei står fullt og heilt bak revidert nasjonalbudsjett som regjeringa har lagt fram. Dermed støttar partiet også opp om den omstridde avgifta som skal innførast 1. juni, og som Stortinget vedtok i fjor haust.
Tidlegare torsdag var det full stans i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett etter at Frps stortingsgruppe slutta opp om eit innspel om å arbeide for å fjerne flypassasjeravgifta. KrF og Venstre kravde at regjeringspartia måtte avklare eit felles standpunkt.
Svein Flåtten i Høgre ser ikkje vekk frå overfor NTB torsdag ettermiddag at det no kan bli forhandlingar igjen om kvelden.
Verken Terje Breivik (V), Hans Olav Syversen (KrF), Hans Andreas Limi (Frp) eller Flåtten ville ikkje gi nokon kommentarar til NTB då dei forlét møtet etter om lag tre kvarter.
Ifølgje VG er mange i Venstre rasande over at Frp har spelt ut to heilt motstridande bodskap om den omstridde avgifta: Finansminister og Frp-leiar Siv Jensen som har stadfesta at avgifta skal innførast, og stortingsgruppa i Frp som seier at dei ønskjer å forhandle den bort i Stortinget før sommaren. Ifølgje avisa skal raseriet over Frps offentlege omkamp i ei sak som for lengst er vedtatt vere like stor i Høgres stortingsgruppe.
Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik avviser likevel at Frps stortingsgruppe har vedteke å ta omkamp om avgifta, som blei vedteke i forbindelse med budsjettbehandlinga i fjor, og seier det er heilt normalt at stortingsgruppa til Frp spelar inn ulike forslag i budsjettetbehandlinga.
Denne veka blei det kjent at Rygge flyplass truleg legg ned som følgje av at Ryanair ikkje lenger vil ha base der. Ryanair har hevda årsaka er flypassasjeravgifta, men både finansminister Siv Jensen og fagforbundet Parat har sådd tvil om avgifta er den reelle årsaka.
Finanspolitiske talsperson Hans Andres Limi, som forhandlar om revidert nasjonalbudsjett for Frp, seier til NTB at situasjonen som har oppstått ved Rygge flyplass og i Moss-regionen, skal diskuterast under forhandlingane.
Flypassasjeravgifta er meint å komme Venstres krav om eit grønt skatteskifte i møte. Venstre har primært ønskt andre miljøskattar, som ei avgift på bensin og diesel. Det har Frp sett foten ned for, gjorde Terje Breivik klart overfor Dagbladet i februar.
Venstre har foreslått ein annan modell for avgift på flyreiser, som partiet meiner er betre, og hevdar modellen som nå truleg blir innført, er regjeringas verk. (©NPK)