Klargjør siden...

Frp ute av Arbeidsdepartementet

(NPK-NTB): Kristian Dahlberg Hauge sluttar som statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet. Med denne avgangen er det ikkje lenger nokon frå Framstegspartiet i den politiske leiinga.

Kristian Dahlberg Hauge har vore statssekretær sidan regjeringsskiftet. Han fekk avskjed i nåde i statsråd fredag.

Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) får ingen ny statssekretær til erstatning for han i denne omgang, men har to frå før i Thor Kleppen Sættem (H) og Christl Kvam (H). Også politisk rådgjevar Morten Bakke er Høgre-mann. (©NPK)

Annonse