Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Stortingsgruppa til Framstegspartiet legg fram 20 forslag for å avgrense flyktningstraumen til Noreg.
npk@npk.no
Publisert: 23.10.2015 kl 18:37
Forslaga er i første omgang spelt inn til landsstyret til partiet som møtest i helga, skriv Vårt Land.
Frp-politikar Christian Tybring-Gjedde seier stortingsgruppa har klare forventningar til regjeringas tilleggsproposisjon om flyktningsituasjonen, som kjem neste fredag.
– Kostnadsspørsmålet blir viktig. Men viktigast blir innstrammingstiltaka som vi forventar kjem, seier han til avisa.
Blant forslaga er å opprette asylsenter utanfor Schengen, stramme inn rett til familiegjenforeining i perioden med midlertidig opphald, og at einslege mindreårige asylsøkjarar ikkje skal ha rett på familiegjenforeining. Gruppa ønskjer også at Noreg skal seie nei til å delta i EU-programmet for å fordele flyktningar. Statsminister Erna Solberg (H) har alt sagt at Noreg skal delta.
Samarbeidspartia til regjeringa, KrF og Venstre, er skeptiske til dei fleste av Frp-forslaga. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.