Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Personlege opplysningar om fleire millionar britar blir frykta å ha hamna på avvege etter at det britiske mobil- og breibandselskapet TalkTalk har blitt utsett for datainnbrot.
npk@npk.no
Publisert: 23.10.2015 kl 18:57
Sist oppdatert: 23.10.2015 kl 19:42
TalkTalk har om lag fire millionar kundar, og ifølgje selskapet kan hackarane ha fått tak i informasjon om kundane sine namn, adresser og bankopplysningar.
– Det er fare for at personlege opplysningar om alle våre kundar har kome uvedkommande i hende, medgir administrerande direktør i TalkTalk Dido Harding overfor BBC.
Mobilselskapet innrømmer på nettsida si fredag at ikkje alle kundeopplysningane var krypterte.
Harding seier at TalkTalk har blitt kontakta av nokon som hevdar å stå bak hackinga og som krev pengar, men ho veit ikkje om det er ein enkeltperson eller ei gruppe som fremja kravet. (©NPK)