Møre

Møre

Fryktar sprengt kapasitet allereie før byggjestart

Førebelse skisser over nye Sæbø skule og barnehage, som politikarane fryktar allereie er underdimensjonert, og ikkje legg til rette for folkevekst. (Foto: Ørsta kommune)

Sæbø barnehage skal byggjast for maks 39 born, men langt fleire born treng barnehageplass neste haust. Kommunestyret reagerer og på den stramme kostnads- og arealramma i prosjektet. – Vi må tenke framover. Om ein vil ha tilflytting til Sæbø er barnehageplass eit minimum.

Møre
Møre

Publisert:

Det seier Alexander Riise Olsen (Ap). I ein interpellasjon til kommunestyret søkjer han ei oppklaring i skule- og barnehageplanane på Sæbø.

Kommunestyret har vedteke å byggje kombinert skule og barnehage, på til saman 1250 kvadratmeter – der barnehagen er på 250 kvadrat. Det er ynskjeleg med fleirbruk av til dømes praktisk estetiske fag, gymsal, kjøkken og kantine for å spare plass. Skulen vert bygd for 95 elevar og barnehagen for 39 born. Investeringsramma er sett til 35 millionar kroner.

- Folk i utkantane får fleire born

Barnehagen vert utforma slik at den kan utidast etter behov, men fleire av politikarane peika på at det allereie er sprengt kapasitet – også ved skulen.

- Vi har hatt vekst på Sæbø og etter intensjonen frå områdeplanen er det venta enda større vekst. 95 elevar tek ikkje høgde for dette. Det same gjeld barnehage. Vi vart lova ei løysing på plassmangelen i den gamle barnehagen, men no ser det ut til at ein vidarefører dagens barnehage. Ein framtidig barnehage burde vere på 400 kvadrat, meiner Riise Olsen.

- Småbarn har dessutan større arealbehov, og det er mange småbarn under tre år på Sæbø. Neste haust har foreldre til 43 born ynskje om barnehageplass, og då har ein ikkje rekna med andre som bur i dalen og som soknar til Sæbø krins. Med nye tomter på Sæbø kan ein vente fleire born framover, seier Dalana Storebø (Sp), og legg til:

- Dessutan, dei som vel å bu på bygda og i utkantane får ofte ein del born.

100 elevar manglar klasserom i sentrum

Yngve Frøland (Sp) stilte spørsmål ved om det planlagde kombinasjonsbygget vil klare å handtere svingingane i demografien. Han viste til at loftetasjen ved skulen ikkje er medrekna i kostnaden og arealet – og at ein difor bør leggje på 139 kvadratmeter ekstra på nybygget.

Både Frøland og Synnøve Rekkedal Hill (Sp) peika på at utvikling og tilflytting på bygdene er viktig for heile kommunen. Mykje av folkeveksten i Ørsta er takka vere tilflytting til Hjørundfjorden.

Så satt rådmannen det heile i perspektiv.

- Frå neste år er det over 100 sjuandeklassingar utan klasserom i Ørsta sentrum. To klassar frå Velle og to frå Vikemarka som vert kasta ut av Ørstahallen når ungdomsskuleelevane skal vere der. Det er fleire elevar enn på Sæbø totalt.

Wenche Solheim viste vidare til at det med nytt fleksibelt bygg vil verte betre toalett og garderobar, samt arbeidsrom, møterom og grupperom som dei tilsette ikkje har i dag.

- Kulla svingar meir på Sæbø enn i Ørsta, difor må ein bruke romma meir fleksibelt.

- Vi må byggje for vekst

Det er heilt normalt å køyre borna sine til barnehage andre stadar, peika rådmannen på.

- Vi er bekymra for elevane i Ørsta sentrum, men det er uheldig å sette gruppene opp mot kvarandre. Ein tredjedel av borna som allereie er fødde får ikkje plass i barnehagen neste år. Det er mange som jobbar i Sæbø og i området, skal dei måtte køyre om Ørsta for å levere borna? Det vil gå utover skatteinntektene om foreldre må ned i stilling eller forlenge pensjonen sin, peika Marit Aklestad (SV) på.

Ordførar Stein Aam (Sp) var samd i at ein måtte sjå kvar krins for seg.

- Vi kjem til å få saka tilbake til kommunestyret for vi kjem neppe til å halde oss innanfor den beinharde ramma på 35 millionar kroner.

Kristin Riise (Sp) minna kommunen på ei liknande sak.

- Når Velle fekk nytt bygg var skulen dimensjonert for 250 elevar. Rett etter skulen var ferdig la kommunen ned Lystad og tilførte 50 elevar. Det vart 300 elevar frå dag ein. Denne feilen kan vi ikkje gjere igjen – vi må byggje ein skule for vekst.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...