Annonse

FT: USAs utanriksminister skal møte den kinesiske presidenten i Beijing

Antony Blinken blir den første ministeren frå Joe Bidens administrasjon som møter den kinesiske presidenten Xi Jinping, opplyser kjelder til Financial Times.

Etter planen skal dei to møtast under Blinkens to dagar lange besøk i Kina, som startar søndag, opplyser fleire personar med kjennskap til planane. Det blir første gong på nesten seks år at ein amerikanske utanriksminister møter den kinesiske leiaren, skriv Financial Times.

Blinkens visitt kjem etter at president Biden og Xi møttest på Bali i november og vart samde om at dei må finne ei løysing for å stabilisere det turbulente forholdet mellom dei to landa.

Reisa markerer ein ny fase i opptrappinga av kontakten mellom USA og Kina etter ein vanskeleg periode som vart ytterlegare komplisert av koronapandemien. Seinare i år skal finansminister Janet Yellen besøkje Kina. I Zürich i januar møtte ho visestatsminister Liu He, som har det øvste ansvaret for kinesisk økonomi.

– Dersom president Xi vel å møte Blinken, vil det føye seg inn i rekkja av signal frå den kinesiske leiaren den siste tida om å endre tonen, om ikkje substansen, i forholdet mellom USA og Kina, seier Dennis Wilder, som var Asia-rådgivar for president George W. Bush. Han meiner Xi er på ein sjarmoffensiv for å hindre at amerikanske bedrifter trekkjer seg ut av Kina i kjølvatnet av «den katastrofale null-covid-politikken hans».

Kina la seg inntil nyleg på ei svært streng linje, med nulltoleranse ved smitteutbrot og etterfølgjande massetesting, karantene og nedstenging.

(©NPK)

Utanriksminister Antony Blinken reiser til Kina i helga og ligg an til å bli den første ministeren frå Biden-administrasjonen som møter Kinas president, Xi Jinping. Arkivfoto: Ronaldo Schemidt / AP / NTB