Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Grunnleggjaren av kryptobørsen FTX, Sam Bankman-Fried, er sikta av det amerikanske kredittilsynet SEC for bedrageri mot FTX-investorane.
Publisert: 13.12.2022 kl 13:14
Bankman-Fried vart måndag arrestert på Bahamas etter oppmoding frå amerikanske styresmakter, og det er venta at han blir kravd utlevert når påtalemakta seinare tysdag tek ut sikting.
Bankman-Fried har vore under etterforsking av justisdepartementet i USA og styresmaktene på Bahamas etter at selskapet hans, som var verdsett til 32 milliardar dollar, kravde seg konkurs 11. november.
SEC skuldar han for å ha overført midlane til investorane vidare til dei private kryptofonda hans Alameda Research utan å fortelje dei, og for å ha brukt midlane til risikoinvesteringar, overdådige eigedomsinvesteringar og store politiske donasjonar.
Bankman-Fried trekte seg som direktør samtidig som kryptobørsen FTX førre månad søkte om konkursvern i USA.
Det viste seg at 662 millionar dollar, over 6,5 milliardar kroner, på mystisk vis forsvann frå FTX etter at konkurssøknaden var levert inn. Dette er sjølv om styresmaktene på Bahamas, der selskapet har hovudkontoret sitt, hadde frose alle verdiar i selskapet.
(©NPK)
FTX-gründeren Sam Bankman-Fried er sikta for bedrageri. Foto: Good Morning America / ABC News via AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.