Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Espen Hartvig): Dei norske handballgutane gjorde jobben og sikra to poeng mot Bahrain i OL-kvalifiseringa fredag. Etter 35– 29 ventar to finaleliknande kampar mot Danmark og Kroatia.
npk@npk.no
Publisert: 08.04.2016 kl 19:51
Kvaliteten må opp eit par hakk om Noreg skal slå følgje med Thorir Hergeirssons gullfavorittar til Rio de Janeiro.
Noreg måtte jobbe for å sikre favorittsigeren. Bahrain speler utradisjonell handball, og det er heilt usannsynleg at dei tar poeng i OL-kvalifiseringa.
Vel midtvegs i den andre omgangen skåra Kristian Bjørnsen fleire mål på kort tid. Det gav ein norsk buffer.
Det vart ein rotete førsteomgang der Noreg til tider leidde med tre mål, men der avslutningane ikkje var gode nok. Fleire tekniske feil gav Bahrain sjansen til å henge med.
Christoffer Rambo sørgde for 16– 15-leiinga til pause.
Søndag blir truleg Noregs skjebne avgjort mot Kroatia. Det blir eit returmøte etter EM-bronsekampen i januar. Den vann kroatane.
Noreg har ikkje spelt olympisk herrehandball sidan 1972 (niandeplassen i München).
Det var stor forskjell i fysikk: Den norske snitthøgda på 194 centimeter mot Bahrains 178.
I OL-kvalifiseringa i Sverige slo fredag Slovenia (norsk motstandar i VM-kvalifiseringa i juni) Spania 24– 21. (©NPK)