Annonse

Funn av vikinggrav i Agder

(NPK): Arkeologar har gjort fleire spennande funn frå vikingtida ved Froland kyrkje i Aust-Agder i samband med at kyrkjegarden skal utvidast.

Froland kommune skriv på nettsida si at det blant anna er funne ei grav som inneheld over 50 såkalla vevlodd.

Dette er det mest omfattande funnet av slike gjenstandar i Noreg, og Julian Martinsen frå Kulturhistorisk museum er svært nøgd. Vevlodda saman med andre funn indikerer at dette har vore eit velståande og viktig område på 800– 1000-talet.

Det er også funne fleire spor etter eit langhus, som også er unikt for landsdelen. (©NPK)