Klargjør siden...

Furuholmen med skulpturpark på Fornebu

(NPK-NTB): Skandinavias største keramiske skulpturpark, laga av Magne Furuholmen, er opna på Fornebu.

Dronning Sonja stod for opninga torsdag. Parken er den største samlinga skulpturarbeid laga av ein norsk kunstnar sidan Vigelandsparken, skriv Kongehuset på nettsida si.

Skulpturparken har fått namnet Imprints og ligg utanfor det nye hovudkvarteret til Aker på Fornebu. I den ti mål store parken er det plassert 40 keramiske enkeltelement alle utført i høgbrent fajanse. To enorme krukker på 6 meter som veg 9 tonn kvar, dannar inngangen og avslutninga på parken.

Magne Furuholmen fortalde sjølv om prosjektet under opninga torsdag. Det har teke han to år å ferdigstilla parken, som er laga på oppdrag frå Kjell Inge Røkke og Aker, skriv Aftenposten. Røkke var sjølv til stades under opninga torsdag.

– Målet har vore å laga ein park som skal kunne opplevast på ulike vis på ulike tidspunkt, med vatn om sommaren og damp om vinteren som eit atmosfærisk element, i tillegg til belysning, seier Furuholmen til Aftenposten. (©NPK)

Annonse