Annonse

Fylkeslegen kritiserer sjukehus etter behandling

(NPK-NTB): St. Olavs hospital i Trondheim får kritikk etter at dei fortalde ei kvinne at ho kom til å døy om kort tid. I røynda var kvinna deprimert.

Kvinna, som hadde hatt angst og depresjon i lang tid, blei lagt inn på St. Olavs hospital i 2013. Ifølgje NRK fekk kvinna vita at ho kunne vera dement og ha den dødelege Creutzfeldt-Jakobs sjukdom. Familien fekk vita at kvinna hadde kort tid att å leva, men det viste seg at ho ikkje hadde sjukdommen. Kvinna var deprimert, men er i dag frisk og tilbake i arbeid.

– Vi meiner sjukehuset ikkje har tenkt godt nok på alternative diagnosar i utgreiinga og behandlinga av denne pasienten, seier fylkeslege Jan Vaage i Sør-Trøndelag.

– Det er gjeve informasjon som var tufta på eit svakt grunnlag og som ikkje var i tråd med kor sikker sjukehuset var. Det finst ei rekkje skildringar av ei endring i tilstanden som vi synest det er merkeleg at sjukehuset ikkje har teke med i vurderinga, seier Vaage vidare.

Pasientskadenemnda vil no vurdera om kvinna har krav på erstatning. Sjukehuset seier seg lei for hendinga.

– Oppgåva vår er å stilla presise diagnosar om er svært kompliserte. Også når det er samansette og vanskelege lidingar skal vi klara det, og i dette tilfellet har vi ikkje gjort det godt nok. Det må vi berre be om orsaking for, seier Geir Bråthen, overlege og sjef ved nevrologisk avdeling ved St. Olavs hospital, til NRK. (©NPK)

Annonse