Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Etter at Høgre torsdag snudde og opna for nye forhandlingar om Bybanen i Bergen, åtvarar dei raudgrøne i Vestland fylkesting mot å greie ut eit nytt alternativ.
Publisert: 22.09.2023 kl 17:19
– Vi er ganske bekymra, seier Aleksander Øren Heen, gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget, til Bergens Tidende.
Heen påpeikar at fylkeskommunen sit på ein stor byggherreorganisasjon med berre éi oppgåve: Å byggje Bybanen. Viss reguleringsplanen blir oppheva, vil det føre til så store utsetjingar at det kan så tvil om heile prosjektet, ifølgje han.
Sp, SV, KrF, Venstre, MDG og Ap gjekk saman for å samarbeide i Vestland fylkesting og brukte Bybanen som hovudargument for å halde vinnaren av valet, Høgre, unna makta. Fredag møttest dei for å diskutere situasjonen i Bergen.
Torsdag sa nemleg Høgres byrådsleiarkandidat Christine Meyer at ho vil forhandle med INP, Frp og Bergenslisten om tunnelalternativet for Bybanen. Monica Mæland (H), leiar i Bergens næringsråd, bad fredag Bergen Høgre om ikkje å leggje opp til omkamp om bybanetraseen langs Bryggen.
Heen set spørsmålsteikn ved om Høgre og tunnelpartia kan oppheve den gjeldande reguleringsplanen og peikar på at det er fylket som har ansvar for å byggje banen.
– Fylkeskommunen vil ha noko å seie. Eg vil tru staten også vil melde seg på. Får vi ei utsetjing, så klarer vi ikkje å halde på ho. Det kjem også til å bli krevjande å byggje opp ein ny, seier han til BT.
(©NPK)
Fylkespolitikarar i Vestland er bekymra for om Høgre snur i bybanespørsmålet og åtvarar om ny utgreiing. Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK