Annonse

G7-land samde om plan for digitalskatt

G7-landa har gjort eit forsøk på å komme til semje om skattlegging av teknologigigantar som Apple, Google og Facebook.

Frankrike, som er vert for todagarsmøtet for finansministrane i G7-landa, vedtok førre veke å innføre ein skatt for internettselskap. Også Storbritannia har støtta ein digitalskatt, og under G7-møtet i Chantilly vart det gjort eit forsøk på å komme til semje landa imellom.

USA har på si side hatt motførestillingar mot digitalskatt, og finansministeren i landet Steven Mnuchin seier mykje arbeid står att.

Det var større semje blant G7-landa om nye digitale valutaar, mellom anna Facebooks libra, som selskapet planlegg å lansere i 2020. I ei fråsegn åtvarar G7 mot at ein uprøvd valuta kan destabilisere det internasjonale monetære systemet.

Eit anna viktig punkt på agendaen under G7s finansministermøte var å finne ein erstattar for den avtroppande sjefen for Det internasjonale pengefondet (IMF), Christine Lagarde. Lagarde er nominert til å bli øvste leiar for Den europeiske sentralbanken.

(©NPK)

Finansministrar frå G7-landa møtast denne veka i Chantilly i Frankrike for å førebu toppmøtet i Biarritz. Foto: Michel Euler / AP / NTB scanpix