Klargjør siden...
Annonse

G7-landa med fleire krav til Russland

Leiarane i G7-landa kjem i ei felles kunngjering med fleire krav til Russland som følgje av krigføringa til landet i Ukraina.

Toppmøtet i Elmau krev mellom anna at Russland sørgjer for at Ukraina fritt kan ta opp att eksporten av korn og andre landbruksprodukt.

– Vi ber Russland om straks og utan atterhald stanse angrepa mot landbruks- og transportinfrastruktur og sørgje for fri passasje for landbruksprodukt frå Ukrainas hamner ved Svartehavet, heiter det i ei kunngjering frå G7-leiarane.

Dei gir også uttrykk for djup bekymring over Russlands plan om å forsyne Belarus med rakettar som kan utstyrast med atomstridshovud.

– Vi ber innstendig Russland om å oppføre seg anstendig og vere tilbakehaldne, heiter det i kunngjeringa frå Elmau.

G7-leiarane krev samtidig at Kreml «straks» returnerer ukrainarar som er sende til Russland mot sin vilje.

(©NPK)

Leiarane i G7-landa stiller ei rekkje krav til Russland og varslar samtidig langvarig støtte til Ukraina. Foto: AP / NTB

Annonse