Klargjør siden...

Gabrielsen klar for LSK-comeback – har medaljeambisjonar

Ruben Gabrielsen (30) vender tilbake til Lillestrøm. Landslagsspelaren kjem frå amerikanske Austin FC og har skrive kontrakt til 2027.

Overgangen blir stadfesta av LSK torsdag.

Gabrielsen spelte sist for kanarifuglane frå 2008 til 2014. Deretter gjekk ferda til Molde, før han vart utanlandsproff i franske Toulouse.

– Det blir spesielt (å ikle seg LSK-drakta igjen). Eg har vore på Åråsen og kjent på følelsen. Så no var det på tide, seier Gabrielsen.

Han har spelt for Major League Soccer-klubben Austin FC sidan januar i fjor. Han har også eit låneopphald bak seg i FC København. Det stammar frå perioden i Toulouse.

– Eg vil gjere det eg ikkje har gjort for denne klubben, men med alle andre klubbar – å ta medalje. Eg gjorde det i Molde, Toulouse, København og Austin. Så det er medalje eg treng her. Det er det eg skuldar mest og kjenner mest på. Det er på tide at eg gjer noko fornuftig her òg, seier han.

For ordens skyld: Gabrielsen har to eliteserietitlar med Molde og ein superligatittel med FCK. Han rykte opp til Ligue 1 med Toulouse i 2022, og med Austin kom han til semifinale i MLS-sluttspelet. I sistnemnde klubb vann han også Texas-turneringa Copa Tejas.

Det har vore rapportert at også Molde har vore interessert i å hente Gabrielsen tilbake til klubben den siste tida. Hovudpersonen skal likevel ha hatt eit ønske om å returnere til LSK.

(©NPK)

Ruben Gabrielsen blir igjen LSK-spelar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Annonse