Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Mohammed Fellah (30) returnerer til Vålerenga og har skrive kontrakt ut sesongen.
stian.johnsen@ntb.no/frida.pernille.mikkelsen@npk.no
Publisert: 11.09.2019 kl 12:21
Fellah spelte fire kampar for Sandefjord i Eliteserien sist haust før han vart skada. Han opererte ankelen i november.
Før det var det seks år i dansk fotball i Esbjerg og Nordsjælland etter at han forlét Vålerenga i august 2013.
- Eg har vore mykje skada og må ta ting i eit roleg tempo. Ronny (Deila) og trenarteamet er klare på at eg skal begynne forsiktig og starte med nokre kampar i 3. divisjon. Forhåpentlegvis vil eg bevise at eg fortener ein plass på laget. Eg er kjempeglad over at eg får sjansen til å vise at eg kan bidra til å løfte Vålerenga i tida som kjem, seier Fellah vif-fotball.no.
Fellah er vaksen opp på Holmlia og kom til Vålerenga første gong som 14-åring. Han debuterte på øvste nivå i 2006-sesongen.
(©NPK)
Mohammed Fellah i aksjon for Sandefjord mot Bodø/Glimt sist haust. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix.