Klargjør siden...

«Gammalost» frå bronsealderen funnen i Danmark

(NPK-NTB-Ritzau): Danske arkeologar har funne det som kan vere eit 3.000 år gammalt mislykka forsøk på å lage ost.

Den vanskeleg identifiserbare massen blei funne i ei leirkrukke i eit hol i bakken, skriv Videnskab.dk.

– Vi fann den i eit hol som typisk blei brukt til å slenge frå seg ting ein ikkje lenger hadde bruk for. Det høgst uvanlege, var at krukka eller gryta var heil, og berre det var ein spennande situasjon, seier museumsinspektør og arkeolog Kaj F. Rasmussen ved Museum Silkeborg.

– Vanlegvis når ein finn matrestar i gamle gryter, er det svarte forkola restar, som regel av korn eller frø, men her var det ei fin gulkvit skorpe, og det har vi ikkje sett før, fortel han.

Funne blei sendt for analyse for å sjekke om det inneheldt restar av plantematerial, kjøt eller fisk, men resultatet var ikkje som venta.

– Det nærmaste dei kunne kome ei forklaring var eit oppskumma, forglasa materiale, som kan vere restar av olje eller karbohydrat. Vår forsiktige gjetting er at det er restar av feittstoff frå ein drøvtyggar, seier Rasmussen og håpar på eit klarare svar etter vidare analysar. Slikt feittstoff kan vere siste rest etter ostemasse. Arkeologen meiner mysa kan ha blitt kokt inn etter produksjon av vanleg fast ost, for å sparast til vinteren. (©NPK)

Annonse