Gangnes over bakkerekorden på trening

(NPK-NTB): Kenneth Gangnes er i storform før hoppvekeavslutninga og var over gjeldande bakkerekord.

Totningen klinka til med 143,5 meter i det andre prøvehoppet tysdag. Det er halvmeteren lenger enn bakkerekorden til Daiki Ito i Paul Ausserleitner-bakken.

Men skulle Gangnes fått bakkerekorden, måtte han hoppa 143,5 meter i kvalifiseringa, som blir arrangert seinare tysdag.

– Fyttirakkaren. Det beviser at guten er der han skal. Imponerande å hoppe over bakkerekorden. Det er fullt mogleg å halde på tredjeplassen framfor Michael Hayböck i samandraget. Hugs at Kenneth hoppar med mindre press enn Hayböck har på heimebane i morgon (onsdag), seier Roger Ruud til NTB.

Hayböck hoppa 137 meter i sitt andre treningshopp. I den første omgangen var austerrikaren best av dei to med 132 mot 128,5 meter. Peter Prevc frå Slovenia vinn truleg hoppveka framfor tyskaren Severin Freund, medan det med norske auge handlar om trearduellen mellom Gangnes og Hayböck.

– Eg er blitt nummer fire sjølv. Frykteleg sur plass, men eg blei toar seinare, seier Ruud.

Han hamna på fjerdeplass i 1980/81-utgåva av den prestisjefylte konkurransen. Året etter blei det andreplass, berre slått av DDR-hopparen Manfred Deckert. (©NPK)

Annonse