Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein mann i slutten av 30-åra døydde i ei drukningsulykke ved Sandesstranden i Randaberg kommune fredag. Dei pårørande er varsla.
uvakt@ntb.no/peder.skjelten@npk.no
Publisert: 24.06.2022 kl 18:59
Sist oppdatert: 24.06.2022 kl 20:25
Det vart sett i verk eit omfattande søk etter vedkommande, etter at vitne hadde varsla politiet om at ein mann hadde forsvunne i sjøen fredag kveld.
Etter rundt ein time med søk vart mannen funnen og bringa i land, men han vart seinare erklært død på staden.
– Det vart sett i gang hjarte- og lungeredning, men dessverre stod livet ikkje til å redde, skriv politiet i ei pressemelding.
Det var dykkarar frå brannvesenet som fann mannen, etter omfattande søk frå politi og dykkarar i området.
Hendingsgangen er ukjent, men ifølgje vitne skal mannen ha vore på ein badering eller brett, før han plutseleg fall og forsvann i sjøen, opplyser politiet til Stavanger Aftenblad.
Ulykka skjedde i 18-tida fredag, og pårørande er varsla.
(©NPK)