Gauff slo 24 år eldre Venus Williams

15-åringen Coco Gauff hadde ingen problem med å slå ut idolet sitt, den 24 år eldre Venus Williams ut av 1. runde i Australian Open.

I ein fullsett arena gjekk det første settet til tie break, som tenåringen vann 7–5. Ho fekk eit tidleg sørvebrot, men misbrukte to settballar på stillinga 5–3. I det andre settet braut ho òg tidleg, men denne gongen utnytta ho moglegheita og tok settet og kampen med 6–3.

Kampen varte i ein time og 37 minutt.

– Dette var stort. Ho spelte verkeleg godt. Eg var veldig nervøs føre kampen, sa Gauff til AFP.

– Eg var litt sjokkert, og eg er sikker på at alle var det same då dei såg trekninga. Eg er glad for at eg var i stand til å kome meg gjennom det, sa 15-åringen.

Dei to møttest òg Wimbledon-turneringa i fjor sommar. Då avanserte Gauff til åttedelsfinalen og tok seg opp blant dei heilt store stjernene.

Denne gongen var ikkje avansementet like sjokkerande.

Ei rekkje kampar på dei andre banane enn dei tre med tak over måtte utsetjast på grunn av ei kraftig regnskur.

(©NPK)

Tennisveteranen Venus Williams (39) vart slått av den 24 år yngre Coco Gauff i 1. runde av Australian Open måndag. Foto: Dita Alangkara / AP / NTB scanpix