Klargjør siden...

Gay pride-parade i Tel Aviv samlar 200.000

(NPK-NTB-DPA): Rundt 200.000 deltok i gay pride-paraden i Tel Aviv i Israel fredag, ifølgje lokale styresmakter.

Det er ein auke frå i fjor, då 180.000 deltok. Mottoet i paraden var «kvinner for endring», for å heidre rolla til kvinner i kampen for rettane til lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar.

Tel Aviv er rekna som ei tolerant lomme i ein region der forholda for denne gruppa elles er vanskelege.

Blant deltakarane under arrangement i Tel Aviv i år var den skotske skodespelaren Alan Cumming frå TV-serien «The Good Wife» og den amerikanske skodespelarinna Lea DeLaria frå «Orange Is the New Black».

Hundrevis av politifolk var på plass for å sørgje for tryggleiken. Under pride-paraden i byen i fjor blei ei 16 år gammal jente knivstukken og drepen av ein jødisk ekstremist. (©NPK)

Annonse