Klargjør siden...
Annonse

Gazas helsedepartement: Sju drepne og 40 såra i israelske angrep

Sju personar er drepne og 40 såra i israelske angrepa i Gaza, ifølgje palestinske styresmakter. Ein militstopp og ei fem år gammal jente er blant dei drepne.

Den israelske hæren opplyser at luftangrepet fredag var retta mot militante grupper i den palestinske enklaven.

Islamsk heilag krig (Jihad) stadfestar at av leiarane i den militante fløyen deira vart drepen.

– Islamsk heilag krig-bevegelsen i Palestina og dens militante fløy Al-Quds-brigaden sørgjer over den store jihadistkommandanten Tayseer al-Jabari Abu Mahmud, som vart drepe i eit sionistisk attentat i Gaza by, heiter det i ei fråsegn.

(©NPK)