Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Regjeringa i Georgia seier dei vil søkje om EU-medlemskap omgåande, og ber unionen behandle søknaden så raskt som mogleg.
anja.ariel.tornes.brekke@ntb.no/kari.hamre@npk.no
Publisert: 02.03.2022 kl 18:14
Sist oppdatert: 02.03.2022 kl 18:53
Utspelet kjem dagen etter at EU-toppar kom med støttande utsegner til Ukrainas søknad om medlemskap i unionen.
Formannen for regjeringspartiet Georgisk Draum, Irakli Kobakhidze, kunngjorde avgjerda i partiet om å «søkje om EU-medlemskap umiddelbart» onsdag.
Georgia ber EU «behandle søknaden på hurtig vis, og å ta avgjerda om å gi Georgia status som kandidat for EU-medlemskap».
Måndag signerte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj ein formell søknad om medlemskap i EU. Same dag kravde presidentane i EU-landa Bulgaria, Tsjekkia, Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia og Slovenia, at søknaden skal behandlast så raskt som mogleg.
Georgia, som ligg langs den austlege breidda av Svartehavet, såg på dette som ei moglegheit for å realisere sitt eige grunnlovfesta mål om å bli ein del av EU.
Regjeringa i Georgia kunngjorde i fjor intensjonen sin om å søkje om EU-medlemskap i 2024.
Forsøka til Georgia og Ukraina om å knyte tettare band til Vesten har lenge irritert styresmaktene i Russland. Spenning mellom Moskva og Georgia kulminerte i ein russisk invasjon av landet i 2008.
Både Georgia og Ukraina har signert avtalar med EU om «økonomisk integrering og politisk tilnærming», i tillegg til frihandelsavtalar.
(©NPK)