Klargjør siden...
Annonse

Gerd-Liv Valla kritiserer regjeringa – for passiv i kraftsaka

Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla meiner regjeringa er veldig passiv og for langt bakpå i handteringa av kraftkrisa. – Det må takast politiske grep, seier ho.

– Det verkar for meg veldig passivt å be kraftprodusentane om å passe på at fyllingsgrada er høg nok. Ein kan ikkje berre be om det, ein må instruere om det. Har ein ikkje verkemiddel, lover eller reglar som gjer det mogleg, så må ein skaffe seg det, seier Valla til NRK.

Ho har engasjert seg i Alternativ Energikommisjon og rettar no sterk kritikk må så vel kraftbransjen, som regjeringa.

– Straum er ikkje ei vare. Det har ho dessverre vorte. Og det er nokon som skor seg veldig på det varet – medan andre blør. For meg opplagt at her må ta det blir teke politiske grep, seier Valla.

Ho viser til Frankrike, der regjeringa har innført makspris på straum og instruert produsentane om å prioritere innanlandske kundar – forbrukarar og næringslivet – først.

– Då skjønner ikkje eg, og veldig mange andre for står heller ikkje, kvifor vi ikkje kan gjere det same, seier ho.

Regjeringa har varsla nye tiltak omgåande for å avhjelpe straumkrisa. Statsminister Jonas Gahr Støre poengterer at Noreg uansett er ein del av den europeiske kraftmarknaden og avhengig av moglegheita til å importere kraft.

– Vi er avhengig av kraftutveksling med andre land. Vi kan ikkje stengje oss av frå det. Når det er tørrår i Noreg, er vi avhengige av det, med låg fyllingsgrad og låg produksjon, og det har vi no, seier Støre til NRK.

(©NPK)

Annonse