Klargjør siden...

Gerrard foreslår Klopp-statue

Mangeårig Liverpool-kaptein Steven Gerrard meiner at det bør byggjast ein statue av manager Jürgen Klopp så snart det etterlengta ligagullet til klubben er sikra.

Det seier Gerrard i eit intervju med nettavisa The Athletic. Han legg til at han vil vere den stoltaste personen i verda når Liverpool omsider kan løfte Premier League-trofeet.

Gerrard spelte sjølv for Merseyside-klubben i 17 sesongar – mange av dei som kaptein – men han makta aldri å føre Liverpool til ligagull. Han er overtydd om at Klopp er den beste manageren i verda per dags dato.

– Eg synest at ein person som Jürgen burde heidrast no. Det verkar som at vi i fotballen ofte ventar til folk er gamle før prestasjonane deira blir skikkeleg anerkjende, seier Gerrard og foreslår at Liverpool-eigarane får bygd ein statue av Klopp.

Samtidig er Gerrard, som no er manager i skotske Rangers, sikker på at Liverpool vinn Premier League i år. Klubben treng berre to sigrar på ni kampar for å sikre tittelen.

– Du vil ikkje slå det fast før det er sikkert, men eg trur vi alle veit at det er uunngåeleg. Det vil bli ein stor lette, seier han.

(©NPK)

Steven Gerrard meiner det bør byggjast ein statue av Liverpool-manager Jürgen Klopp.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Annonse