Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Baroniet i Rosendal har fått ein konkurrent. Ute i fjorden vart ein mogleg turistmagnet avduka fredag – det flytande kunstverket Salmon Eye.
per.christensen@ntb.no/hallvard.ostrem@npk.no
Publisert: 02.09.2022 kl 15:24
Sist oppdatert: 02.09.2022 kl 15:39
Det blir rapportert om folkefest, gratis sushi til alle, DDE i barnehagen og ei sol som endeleg valde å komme fram.
Inni kunstinstallasjonen ligg eit informasjonssenter om norsk havbruksnæring. Elbåtar fraktar besøkjande ut til Salmon Eye, som er eigd av Eide fjordbruk.
Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) var med på å kaste glans over opninga av lakseauget, som skal inspirere oppdrettsbransjen til å bli meir miljøvennleg. Søkjelyset skal rettast mot alt frå sjukdom og lus til CO₂- utslepp.
– Senteret fortel historia om kva havbruk er, og lèt folk komme inn og sjå kva som faktisk skjer i næringa, seier Skjæran til IntraFish.
Tidlegare i sommar vart den 1.256 tonn tunge innretninga frakta av slepebåten Besla på ein nedsenkbar lekter frå Tallinn i Estland til Husnes, før han vart frakta vidare av ein annan båt til Snilstveitøy like utanfor Rosendal.
Bygda er nok mest kjend for Baroniet med den vakre rosehagen og flotte bygningar, og for Folgefonnsenteret, som er vigd Folgefonna nasjonalpark. No kan det enorme fiskeauget bli ein ny attraksjon for turistar – og fastbuande.
(©NPK)
Kunstinstallasjonen Salmon Eye vart fredag avduka i Hardangerfjorden. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Inni kunstverket ligg eit informasjonssenter om laksenæringa som folk kan besøkje. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Tidlegare i sommar vart den 1.256 tonn tunge innretninga frakta av slepebåten Besla på ein nedsenkbar lekter frå Tallinn i Estland til Rosendal i Hardangerfjorden via Husnes. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Estlands ambassadør til Noreg Lauri Bambus (t.v.) og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK