Klargjør siden...
Annonse

Gjensidige seier nei til gigantrekningar etter tunnelbrannar

(NPK-NTB): Gjensidige vil berre betale 20 millionar kroner i erstatning etter brannane i Gudvangatunnelen i 2013 og Skatestraumtunnelen i fjor sommar. Vegvesenet hadde utgifter på nesten 100 millionar.

Gjensidige har erkjent ansvar for skadane i begge dei to tunnelbrannane i Sogn og Fjordane, men vil ikkje betale meir enn ti millionar kroner i erstatningsutbetalingar for kvart av tilfella, skriv Bergens Tidende.

Utgiftene etter brannen i Gudvangatunnelen var på 40 millionar kroner, men Statens vegvesen kravde berre halvparten av dette beløpet frå Gjensidige. Skadane etter brannen i Skatestraumtunnelen kosta 59 millionar kroner å utbetre.

Vegvesenet meiner på si side at denne erstatningsgrensa gjeld skade på gods og ikkje på sjølve tunnelen og det tekniske utstyret i tunnelen.

– Det er for så vidt korrekt at bilansvarslova skil mellom skade på gods og personar. Men det er ingen som helst tvil om kva lova ser som gods. Uttrykket omfattar skade på lausøyre, fast eigedom, dyr og køyretøy, opplyser kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Ifølgje avisa vurderer Vegdirektoratet om dei skal reise søksmål mot forsikringsselskapet.

Den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger vart råka av brann 15. juli i fjor. Ein tankbiltilhengar med 16.500 liter bensin losna frå eit vogntog og hamna i tunnelveggen. Ein eksplosjon løyste ut ein kraftig brann med mykje røyk. Ingen vart alvorleg skadde, men øydeleggingane i tunnelen var store. (©NPK)

Annonse