Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Jakob Ingebrigtsen hevdar temperamentet til faren bidrog til at han og brørne droppa han som trenar. Utsegnene omtalar Gjert Ingebrigtsen som «tull».
vemund.rognstad@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 15.07.2022 kl 19:58
I eit intervju med New York Times utdjupar Jakob og storebror Henrik Ingebrigtsen kva som fekk dei til å skifte kurs framfor meisterskapssesongen i år.
– Pappa blir fort engsteleg, og det kan smitte over på alle rundt han. Før ein konkurranse kan det fort skli over i sinne. Når han er engsteleg og nervøs, fører det til at han hissar seg opp over små ting, seier Jakob Ingebrigtsen til den amerikanske storavisa.
Ein episode frå Stockholm for nokre år sidan blir trekt fram. Der skal Gjert ha vore irritert over at Jakob åt for mykje lunsj på konkurransedagen. Responsen til sonen var å forsyne seg med ein porsjon til.
– Vi høyrde ikkje frå han på ti timar. Det påverka oss ikkje, men den typen ting er ikkje optimalt same dag vi skal konkurrere. Det viser på mange måtar kvifor vi bestemde oss for å avslutte dette far-trenar-forholdet vi hadde, seier Henrik Ingebrigtsen.
Gjert Ingebrigtsen avviser i ei tekstmelding til Dagbladet at hendinga fann stad.
– Berre tull, skriv han til avisa.
(©NPK)
Gjert Ingebrigtsen fotografert i desember i fjor. Foto: Fredrik Hagen / NTB