Gjøra overtar som telemark-sjef

(NPK-NTB): Martin Gjøra (27) tar over som sportssjef i telemarkskøyring, opplyser Norges Skiforbund.

Gjøra er frå Nord-Trøndelag, men bur i Sauherad i Telemark. Han har det siste året vore landslagssjef, men får no utvida ansvar.

– Det blir meir ansvar for meg, men eg ser veldig fram til dette. Det er mange spennande prosjekt og planar for sporten framover. Vi ønskjer òg å vidareutvikle mange av dei nye talenta som har blomstra opp, og sporten er absolutt på rett veg.

– Eg skal mellom anna jobbe saman med ivrige entusiastar ute i klubbane, i regionane og med ressurspersonar internt i forbundet, seier Gjøra. (©NPK)