Klargjør siden...
Annonse

Global varmerekord i mai

(NPK-NTB-AFP): Førre månad var den varmaste mai i moderne historie, og den går inn i rekkja av 13 strake månadar med temperaturrekord, ifølgje amerikanske meteorologar.

Perioden er den lengste med månadlege temperaturrekordar sidan dei globale målingane starta for 137 år sidan.

Sjølv om vêrfenomenet El Niño er i ferd med å minke, har det framleis stor påverknad på temperaturane.

– El Niño er berre éin av mange faktorar. Unormal er den nye normalen, seier direktøren for Verdklimaforskingsprogrammet, David Carlson.

Den globale gjennomsnittstemperaturen for mai på 1900-talet var 14,8 grader celsius. Mai i år låg 0,87 grader over det gjennomsnittet. I same månad i fjor, som også var ein rekordmånad, låg snittemperaturen 0,2 grader lågare enn i år.

Ekspertar seier at den globale oppvarminga er skuld i fleire miljøkatastrofar verda over, frå bleiking av Australias Great Barrier Reef til skogbrannar i Canada. Fleire stader har det vore ekstremvêr i mai, blant anna i form av enorme mengder regn i Europa og sør i USA. (©NPK)

Annonse