Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Etter påske skal togselskapet Go-Ahead droppe fleire avgangar på Sørtoget på grunn av koronasituasjonen.
linus.rovik.hauge@ntb.no/jani@npk.no
Publisert: 08.04.2020 kl 07:38
Sist oppdatert: 08.04.2020 kl 09:41
Innstillingane gjeld 14.–26. april, og det vil då køyrast to avgangar i kvar retning mellom Oslo og Stavanger på kvardagar. I helgane blir det berre éin avgang, skriv Go-Ahead i ei pressemelding.
– Fleire har heimekontor, mange er permitterte, og mange reiser ikkje på unødvendige reiser og følgjer råda og tilrådingane til helsestyresmaktene, forklarer administrerande direktør Cathrine Elgin i Go-Ahead Noreg.
Også Vy har innstilt ei rekke togavgangar på grunn av redusert trafikk. Mellom anna har ein redusert talet på rushtidsavgangar på Austlandet, droppa nattoga mellom Oslo og Trondheim og innstilt mange avgangar i påsken. SJ køyrer ikkje tog mellom Oslo og Stockholm inntil vidare.
(©NPK)
Sørtoget, tidlegare Sørlandsbanen, får færre avgangar i vekene som kjem. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix