Klargjør siden...

God start på året for Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk 0,68 prosent i pluss på den første handelsdagen i år, og landa på 1.197,10 poeng.

Trass i den gode starten for børsen samla sett er det nedslåande tal for havbruksselskapa. Salmar (-1,72 prosent) og Mowi (-1,26) er begge blant dei store taparane på børsen måndag.

Imedan går Equinor (0,48), Aker BP (3,49) og Yara International (1,79) alle i pluss. Samtidig er oljeprisen på veg opp og eitt fat nordsjøolje kan kjøpast for 85,95 dollar (2,74) måndag.

Ikkje alle børsane i verda held ope i dag, men blant dei der det er handel er det gode talet over stort sett heile fjøla. CAC 40 i Paris (1,68) og DAX i Frankfurt (0,9) enda begge i pluss.

(©NPK)

Oslo Børs starter året godt. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Annonse