Annonse

Godset kan få serbisk eller polsk motstand

(NPK-NTB): Strømsgodset møter anten FK Partizan eller Zalebie Lubin i ein potensiell 3. kvalifiseringsrunde i Europaligaen. Odd møter AZ Alkmaar og Marcus Henriksen om klubben tek seg vidare.

Strømsgodset fekk med seg eit viktig bortemål i 1-2-tapet mot Sønderjyske torsdag. Returkampen vert spelt neste torsdag. I ein eventuell 3. kvalrunde møter drammensarane enten FK Partizan (Serbia) eller Zaglebie Lubin (Polen). Oppgjeret i Beograd enda 0– 0.

– Dei laga veit eg svært lite om. Det er klart vi kunne trekt endå tøffare motstand på papiret, så trekkinga er heilt grei, seier fungerande hovudtrenar Thomas André Ødegaard til Drammens Tidende.

Odd på si side gjekk på eit stygt 0– 3-tap mot PAS Giannina i Hellas. Klubben står med det overfor ei vanskeleg oppgåve før returoppgjeret i Skien. Skulle Odd ta seg vidare, står Marcus Henriksens AZ Alkmaar og ventar i neste runde.

Alexander Søderlunds og Ole Selnæs' franske Saint-Étienne tek imot greske AEK Athen.

Krasnodars Stefan Strandberg må ta turen til anten Malta og Birkirkara eller Edinburgh for å møte Hearts i Skottland.

Per Ciljan Skjelbreds og Rune Almenning Jarsteins Hertha Berlin møter Hibernian eller Brøndby.

West Ham, med Håvard Nordtveit og Martin Samuelsen i stallen, møter Shahtyop Soligorsk eller NK Domzale.

IFK Göteborg og Thomas Rogne kan møte Beroe Stara Zagora (Bulgaria) eller HJK Helsinki (Finland), om dei tar seg vidare på kostnad av GKS Piast Gliwice frå Polen.

Gustav Wikheim og Gent møter FC Viitorul Constanta frå Romania. (©NPK)

Annonse