Annonse

Golf: British Open utsett til 2021, dei andre Major-turneringane har fått ny dato

British Open har blitt utsett i eitt år som følgje av koronaviruset. Samtidig har US Open, PGA Championship og US Masters fått nye datoar seinare i 2020.

British Open på Royal St. George's på sørkysten av England skulle vorte spelt 16.- 19. juli, men koronaviruset har sett ein stoppar for det. Den eldste golfturneringa i verda er med det utsett. I staden blir den arrangert frå 11. til 18. juli i 2021.

Det er første gong sidan andre verdskrigen på 40-talet at British Open ikkje går av stabelen.

– Vi har undersøkt alle alternativ for å få spelt «The Open» i år, men det kjem ikkje til å vere mogleg, seier British Open-sjef Martin Slumbers.

Fått nye datoar

Samtidig som British Open blir utsett til 2021, har dei tre andre Major-turneringane fått nye datoar. British Open er den einaste som ikkje blir avvikla i år.

Til vanleg er US Masters den første Major-turneringa i året. Også den er utsett. Turneringa skulle vore arrangert frå 9. til 12. april, men har no fått nye datoar: 12. til 15. november på Augusta National Golf Club. Dermed blir òg det den siste Major-turneringa i 2020.

PGA Championship skulle opphavleg bli arrangert i mai, men det er no stadfesta at storturneringa skal arrangerast frå 6. til 9. august.

Også US Open har vorte flytta. Eigentleg skulle ho gå av stabelen frå 18. til 21. juni, men den skal no avviklast frå 17. til 20. september i New York.

(©NPK)

Viktor Hovland får ikkje spelt British Open. Turneringa er avlyst. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix