Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Oljeselskapet Eni hadde fredag møte hos Petroleumstilsynet om skandaleplattforma Goliat. Det er ingen planer om å få i gang drifta igjen med det første.
npk@npk.no
Publisert: 09.09.2016 kl 16:24
Goliat har vore stengd sidan straumbrotet fredag 26. august, som førte til evakuering og pålegg om gransking.
– Vi har gått gjennom den førebelse granskingsrapporten til Eni og sett på det totale tryggleiksbiletet på Goliat og kva Eni skal gjennomføre før dei er klare til å starte opp igjen, seier kommunikasjonssjef Inger Anda i Petroleumstilsynet til NTB.
Det er Eni som har ansvar for tryggleik og forsvarleg drift, men i denne saka får dei ikkje lov til å starte opp igjen utan klarering:
– Før oppstart skal dei ha eit nytt møte med oss. Dei kan ikkje trykkje på startknappen utan å ha hatt det møtet, seier Anda.
Ho vil ikkje spekulere i kor lang tid det kan ta før Goliat igjen er i produksjon. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.