Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Googles morselskap Alphabet har inngått samarbeid med Fiat Chrysler for å byggje sjølvkøyrande bilar.
npk@npk.no
Publisert: 04.05.2016 kl 08:24
Det er første gong at Google innleier samarbeid med ein bilprodusent. Fiat Chrysler er det sjuande største bilkonsernet i verda og skal assistere Google med å utvide flåten av sjølvkøyrande bilar med 100 nye køyretøy. Bilane av typen Chrysler Pacifica Hybrid, ei blanding av minibuss og forvaksen stasjonsvogn, skal vere på vegen innan utgangen av året.
– Fiat Chrysler skal utvikle bilane slik at det blir enkelt for oss å installere vårt sjølvstyrande system i dei, blant anna datamaskinene som inneheld programvara og sensorane som gjer at programvara kan tolke det som skjer rundt køyretøyet, heiter det i ei fråsegn frå Google.
Ved å ta i bruk større køyretøy enn dei som Google til no har brukt, får utviklarane også sjansen til å utforske moglegheitene det gir, sidan dette er ein type køyretøy som gjerne har skyvedører, og som kan brukast til å frakte fleire passasjerar enn ein vanleg bil.
Google starta uttesting av sjølvkøyrande bilar i 2009, då ved å utstyre Toyota Prius-modellar med teknologien. I dag har Google rundt 70 sjølvkøyrande bilar, blant dei Lexus og ein sjølvutvikla modell som vart vist fram i 2014. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.