Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): EU vurderer å gi europeiske nyheitsmedia eksklusiv rett til stoffet dei legg ut på nettet. Google kan i så fall bli tvungne til å betale for å få lov til å gi att utdrag frå nyheitsartiklar.
npk@npk.no
Publisert: 26.08.2016 kl 09:56
EU-kommisjonen er no i ferd med å ferdigstille lovforslaget og skal etter planen legge det fram i september, skriv Financial Times.
Planen blir omtalt av avisa som ei «radikal» endring av reglane for opphavsrett på internett. Konsekvensen kan bli at Google og andre søkjemotorar må inngå avtalar med nyheitsmedia for å kunne gi att utdrag frå nyheitsartiklar og anna redaksjonelt innhald i søkjetenester som Google News.
Føremålet med forslaget er å endre styrkeforholdet mellom nyheitsmedia og dei verkeleg store aktørane på nettet, forklarar kjelder i EU, ifølgje Financial Times.
EUs uro er at nettgigantar som Google i dag legg beslag på ein altfor stor del av inntektene på nettet, på kostnad av dei som produserer innhaldet som fyller Google med søkjetreff.
Kritiske røyster viser derimot til at liknande regelverk allereie er prøvd ut i Tyskland og Spania, men utan hell.
I Spania vart konsekvensen at Google la ned Google News. I Tyskland har nyheitsmedia valt ikkje å krevje noka avgift frå Google fordi alternativet ville vore å bli usynleg på nettet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.