Klargjør siden...
Annonse

Gove vil føre ein streng innvandringspolitikk

(NPK-NTB-Ritzau): Michael Gove, som håper å bli konservativ partileiar og Storbritannias neste statsminister, seier han vil innføre ein streng innvandringspolitikk i stil med den australske.

Han set sin innvandringspolitikk i kontrast til EUs frie forflytting over landegrenser. I ein tale fredag unnlét Gove å svare på eit spørsmål om kva som vil skje med EU-migrantane som allereie er i Storbritannia.

– Den beste personen til å leie Storbritannia ut av EU, er ein som har jobba for å få Storbritannia ut av EU, sa han.

Gove sa at han i utgangspunktet ikkje ønskte å stille som leiar, men at han kom fram til at det var det rette å gjere.

– Eg ville ikkje dette, eg gjorde nesten alt eg kunne for å ikkje komme i denne posisjonen. Eg har verken glamour eller karisma, sa han ifølgje avisa The Guardian.

Det blei kart for Gove at han ikkje kunne støtte Boris Johnsons som statsminister då Johnson prøvde å byggje laget sitt. Han trur heller ikkje at Theresa May kan bli statsminister, fordi den kommande regjeringssjefen bør vere ein som støtta britisk utmelding av EU. (©NPK)

Annonse