Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Caroline Graham Hansen har skrive under på ein ny kontrakt med den spanske storklubben Barcelona til sommaren 2026.
Publisert: 16.01.2023 kl 19:43
Graham Hansen har levert godt for spanjolane etter overgangen frå Wolfsburg i 2019. Ho har allereie vunne éin meisterligatittel og tre ligatitlar i tillegg til ei rekkje cupar.
No forlengjer ho kontrakten til 2026, opplyser Barcelona på nettsidene sine måndag.
– Eg er veldig glad og stolt over å kunne halde her fram med laget og klubben. Eg vil nyte åra som kjem, seier den norske angriparen i pressemeldinga.
Ho har til no spelt 103 kampar for Barcelona. Hansen hentar seg for tida inn etter ein muskelskade.
I fjor sommar opplyste 27-åringen at ho tek pause frå landslaget på ubestemd tid. Ho står med heile 97 landskampar.
(©NPK)
Caroline Graham Hansen har vidareført kontrakten med Barcelona. Foto: Ole Martin Wold / NTB