Annonse

Graham Potter ser bort frå store namn frå meisterligatroppen

Chelsea var aktive under overgangsvindauget. Med nye signeringa har Chelsea-manager Graham Potter vore tvinga til å gjere tøffe val.

Chelsea møter Borussia Dortmund i 8.-delsfinale i Meisterligaen 15. februar. Før den tid har Chelsea vore tvinga til å velje og vrake kven som skal få vere med på eventyret vidare i den gjæve turneringa.

Pierre-Emerick Aubameyang signerte for Chelsea på deadline day i sommar og har sidan då spelt 17 kampar og funne nettmaskene tre gonger. Han får ikkje spele meisterligaspel.

Nyvinningane João Félix og Mykhailo Mudryk saman med Armando Broja og Kai Havertz har teke steget fram i køen og er alle tekne med i troppen.

Nysigneringa Loic Badiashile vil heller ikkje stille til kamp då klubben allereie har fylt stopparposisjonane med mellom anna Thiago Silva og Kalidou Koulibaly. Reece James er også teken ut til troppen, men slit for tida med ein skade.

Rekordvervinga Enzo Fernández er blant spelarane som er tekne ut til troppen og vil vere i aksjon når Meisterligaen blir teken opp att seinare i februar.

Hakim Ziyech som leitte etter ein veg ut frå Chelsea i januar er også ein av spelarane som er tekne ut til meisterligatroppen.

(©NPK)

Graham Potter har valt å ikkje ta ut Pierre-Emerick Aubameyang til meisterligaen. Foto: AP Photo/Dave Thompson/NTB